Støtta frå SkatteFUNN heldt maskineriet i gang

Med nytt og kraftig girsystem får syklane lengre levetid, og på sikt kan dei erstatte bilar på korte distansar i byane. Midlar frå SkatteFUNN gjorde det mogleg å lønne gründerane i CA Technology, slik at dei kunne halde hjula i gang.

I 2010 slo to entusiastiske terrengsyklistar seg saman for å utvikle eit betre girsystem til syklane sine. No er to vorte til tjue, og takka vere midler frå SkatteFUNN fekk dei tilsette det til å gå rundt i den krevjande oppstartsfasen. Hausten 2021 vann dei pris på Eurobike Award, og juryen meinte sykkelgira var den nye standarden som andre i bransjen burde strekkje seg etter.

– Vi er ei lita gaselle blant dei store elefantane som fekk ein god idé og som såg eit industrielt potensial. Veksten av el-syklar har skapt ei enorm moglegheit for oss, og dei etablerte sykkelselskapa slit med levering av utstyr som stadig går sund, seier Christian Antal, CEO i CA Technology.

Med nytt girsystem blir el-syklane meir pålitelege og stabile køyretøy, som kan erstatte bilar på korte distansar i byar. Dagens el-syklar blir slitne fortare, men Kindernays girsystem skal halde så lenge som girkassa på bilen din. (Foto: CA Technology)

Nytt og revolusjonerande girsystem for syklar

Mange av dei innebygde girsystemene i dagens marknad er laga for lett sykling på flat mark. Skal du derimot sykle i terreng, kan ein stein eller hump gi så stor belastning på giret at det går sundt. Dagens terrengsyklar har kraftige gir, men dei er eksterne, noko som gjer dei sårbare. Kindernay gira frå CA Technology er innkapsla og kraftige.

– Dei kan samanliknast med girkassa på ein bil. Solide og haldbare, i motsetning til dagens interne girsystem som er laga for by-sykling. Det innkapsla systemet vårt toler krafta og belastninga ein får ved å sykle terreng. Dei som lagar eksterne girsystem i dag har ikkje insentiv til å lage nye system, for dei tener pengar på at delar blir øydelagde og må bytast ut, seier Christian.

Støtte frå SkatteFUNN ga lønn til dei tilsette

CA Technology har fått 6,5 millionar kroner av SkatteFUNN dei siste ti åra. Støtta gjorde det mogleg for dei å lønne dei tilsette i bedrifta. SkatteFUNN sørgde òg for at dei kunne stå på eigne bein i starten, og dermed takke nei til investorar som ville ta store eigardelar.

SkatteFUNN har smurt maskineriet vårt, og det var særleg viktig dei første åra då det var vanskeleg å få kapital

Christian Antal, CEO i CA Technology

– Det har vore ganske tøft. Problemet var mangel på kapital for å kunne lønne folka som gjorde viktig arbeid. Sjølv levde eg på sparebluss og mesteparten av det eg tente gjekk til selskapet. Støtta frå SkatteFUNN var både ei anerkjenning for oss og avgjerande for dei som jobbar her. Det gjorde ein stor forskjell å kunne ta ut lønn. SkatteFUNN har smurt maskineriet vårt, og det var særleg viktig dei første åra då det var vanskeleg å få kapital, seier Christian.

Stor sjanse for støtte

Christian rosar søknadsprosessen, og synest han var både enkel og forståeleg. Han søkte på eigenhand første gong, fekk godkjent med ein gong og no tilrår han andre med innovative idear eller produkt om å søkje.

– Det skulle ikkje så mykje til. Eg sette meg inn i reglane, sende inn søknad og fekk den godkjent. Det gjekk kjempefint! Har du ein heilt ny idé, og underbyggjer han på ein god måte, så har du rett på støtte. Prosessen rundt SkatteFUNN er veldig objektiv. Innovasjon Noreg kan ikkje hjelpe alle som utviklar noko nytt – der er nålauget mykje mindre. Sjansen er derimot stor hos SkatteFUNN. Skulle eg starta eit nytt prosjekt ville eg ikkje nølt med å søkje igjen, seier Christian.

Kindernay gira er solide og haldbare, i motsetning til dagens interne girsystem som er laga for by-sykling. (Foto: CA Technology)

Lengre levetid og grøn transport

CA Technology har òg fått etablerarstipend og tilskot frå miljøteknologiordninga hos Innovasjon Noreg. Med nytt girsystem blir el-syklane meir pålitelege og stabile køyretøy, som kan erstatte bilar på korte distansar i byar. Dagens el-syklar blir slitne fortare, men Kindernays girsystem skal halde så lenge som girkassa på bilen din.

– Girkassa på bilen går ikkje så lett sund. Andre ting går sund først, eller sykkelen rustar, og så byter ein han ut. Men det er det eigentleg ikkje nokon grunn til. Du kastar jo ikkje bilen din etter eit par år. Viss eit haldbart gir blir produsert i store volum og blir brukt på by-syklar og transportsyklar vil vi kunne redusere vedlikehaldsbehovet. Og ved å lage produkt som varer lenger reduserer me avfall, seier Christian.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 20:12 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.