SkatteFUNN i tal

Vi fekk 2607 søknader til SkatteFUNN i 2022, med ei innvilgingsgrad på 74 prosent. Talet på løpande/aktive prosjekt var 5559 per årsskiftet 2022-2023. Budsjetterte FoU-kostnader for pågåande SkatteFUNN-prosjekt i 2022 var totalt 27 mrd. kroner, og budsjettert skattefrådrag var på 4,6 mrd. kroner.

Nedgang i søknader i 2020 og 2021, auke i 2022

Dei siste to åra har vi sett ein tydeleg nedgang i talet på søknader til SkatteFUNN (2933 i 2021, mot 4141 og 4543 i høvesvis 2020 og 2019). I 2022 var det ein auke på 30-40 prosent samanlikna med fjoråret, noko som gir ein prognose på 3000 søknader for perioden april-desember, mot 2200 for same periode i 2021. Det er grunn til å tru at årsaka til utviklinga er samansett, men at effektar av koronapandemien speler ei viktig rolle, inkl. forseinkingar i pågåande prosjekt, nedprioritering av FoU, tiltakspakkar og auka tilgang til andre støtteordningar.

Små og mellomstore bedrifter får oftast støtte

Over tid ser vi at om lag 75 prosent av det budsjetterte skattefrådraget i SkatteFUNN er hos små og mellomstore bedrifter. Meir enn 60 prosent av bedriftene seier at dei har samarbeid med leverandør, kunde eller brukar i prosjektet sitt. Om lag 20 prosent har eit FoU-miljø som deltakar i prosjektet og 10 prosent nemner at dei har samarbeid med ei anna bedrift. 

Typisk bedrift og prosjekt i SkatteFUNN

  • bedrifta er mindre enn ti år
  • færre enn 20 tilsette
  • sendt inn to søknader tidligare
  • årlege prosjektkostnader på tre millionar
  • prosjektvarigheit på to–tre år

Se eksempler på prosjekter som har fått SkatteFUNN-midler

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 18:58 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.