Rapportering for SkatteFUNN-prosjekt

Alle prosjekt med SkatteFUNN-godkjenning skal sende inn års-eller sluttrapport. Rapporteringskjemaet er tilgjengeleg via "Mitt nettsted" frå midten av januar og skal leverast innan 1. mars.

Det er ikkje krav om revisorattestasjon på tala som blir leverte inn i årsrapporten og sluttrapporten til Forskingsrådet. Bruk dei tala som er tilgjengelege på rapporteringstidspunktet.

Det er berre den som sit med søkjarrolla som har tilgang til å sende inn års-og sluttrapport. På "Mitt nettsted" kan du sjølv overføre rolla som søkjar til ny person. Den du overfører rolla til, må først opprette ein eigen brukar. 

Endringar i prosjektet

Det er naturleg at SkatteFUNN-prosjekt forandrar seg noko i løpet av godkjenningsperioden, men viss prosjektet har teke ei ny retning eller forandra seg vesentleg, kan det hende at de må sende inn ein ny søknad.

Ein god peikepinn på om prosjektet har endra seg vesentleg, er viss det har fått nye aktivitetar eller nye mål. Kontakt saksbehandlaren din dersom du lurer på om prosjektet har endra seg nok til å krevje ein ny søknad. 

Les om endringar undervegs og korleis du melder frå om dei.

Forseinka prosjekt

Nokre gonger blir eit prosjekt forseinka, eller det oppstår behov for vidareutvikling og/eller vidareføring. De må likevel levere ein sluttrapport som beskriv den gjennomførte delen av prosjektet. Deretter må de sende inn ein ny SkatteFUNN-søknad for dei resterande FoU-aktivitetane. Legg merke til at søkjar-bedrifta ikkje kan vera «Føretak i vanskar» på vedtakstidspunktet 

Den nye søknaden blir ikkje behandla før sluttrapporten for det opphavlege prosjektet er innsend.

Årsrapport

Dersom prosjektet går over fleire år, må du levere årsrapport. Leveringsfristen er 1. mars året etter første godkjenningsår, og kvart år etter det. I rapporten fortel du korleis prosjektet ligg an, og gir oss eit overslag over utgifter de har hatt i prosjektet i året som har gått. Her skal du melde om endringar i prosjektet og gi utfyllande informasjon om aktivitetar og utfordringar.

Sluttrapport

Alle prosjekt skal sende inn ein sluttrapport når godkjenningsperioden i SkatteFUNN er over, og seinast innan 1. mars året etter siste godkjenningsår. Sluttrapporten skal dekkje heile prosjektperioden og samanfatte kva aktivitetar de har gjennomført, kva mål de har nådd og kva som eventuelt står att i prosjektet. Hugs også å sende sluttrapport dersom prosjektet blir avbrote før godkjenningsperioden er over.

Beskrivingane av prosjektet i sluttrapporten, inkludert samandraget blir ikkje offentleggjort. Dersom beskrivingane inneheld forretningsløyndommar, vil dei vere omfatta av teieplikt ved eventuelle innsynskrav, jf. offentleglovas § 13 og forvaltningslovas § 13.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 01:15 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.