Skriveverkstad SkatteFUNN - Stord, Hordaland

Når:

21. august kl. 09-13

Hvor:

Atheno, Vabakkjen 6, Stord

Arrangementstype:

Workshop

Passer for:

Næringsliv

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

19. august

Meld deg på

Om arrangementet

Har du planar om å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste? Eller har du ein idé om korleis di bedrift kan produsere på en smartare måte? Søk SkatteFUNN og få 18-20% skattefrådrag av prosjektkostnadane.

Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad? Kom på SkatteFUNNdag hos Atheno 21. august.

SkatteFUNN er en skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta. Søknadar til SkatteFUNN har problemstillingar innanfor alle fagområde.

Du får informasjon frå Forskingsrådet om kva du kan få økonomisk støtte for gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt.

På skriveverkstaden jobbar du med ditt prosjekt og får råd til utfylling av søknadsskjema med målsettingar, FoU-utfordringar og aktivitetar. Vi vil gå trinnvis gjennom søknaden og gi råd undervegs. Hugs å ta med PC/nettbrett.

SkatteFUNN vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Finn meir informasjon om ordninga her: https://www.skattefunn.no/

SkatteFUNNdagen vert arrangert av Atheno og Forskningsrådet.

Velkommen!

 

Program SkatteFUNNdag hos Atheno

Tid og stad: 21. august 09.00, Atheno, Vabakkjen 6, Stord

Program

08:30

Kaffen står klar

09:00

Velkommen

09:10

SkatteFUNN – Kva og korleis?

·        SkatteFUNN som virkemiddel

·        Kva er søknadskriteriene?

·        Kva type aktivitetar kan finansierast?

·        Kva er eit godt SkatteFUNN-prosjekt?

·        Gjennomføring og rapportering

·        Prosjekteksempel

10:00

Ei lokal bedrift deler sin erfaring med SkatteFUNN

10:30

Slik kjem du i gang:

·        Innlogging og oppretting av søknad

·        Søknadsskjema – gjennomgang punkt for punkt

11:30

Enkel lunsj og mingling

12:00

 

Skriveverkstad

Her får du hjelp 1:1 frå Forskningsrådet til arbeid med din søknad

 

Kontakt

Rigmor Fardal

Regionansvarlig Hordaland

rfa@forskningsradet.no