Skriveverkstad SkatteFUNN - Skei, Sogn og Fjordane

Når:

14. august kl. 10-15

Hvor:

Thon Hotel Jølster, Skei, Sogn og Fjordane

Arrangementstype:

Workshop

Passer for:

Næringsliv

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

9. august

Meld deg på

Om arrangementet

Har du planar om å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste? Eller har du ein idé om korleis di bedrift kan produsere på en smartare måte? Søk SkatteFUNN og få 18-20% skattefrådrag av prosjektkostnadane.

Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad? Kom på SkatteFUNN-skriveverkstaden 14. august.

SkatteFUNN er en skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta. Søknadar til SkatteFUNN har problemstillingar innanfor alle fagområde.

Du får informasjon frå Forskingsrådet om kva du kan få økonomisk støtte for gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt.

På skriveverkstaden jobbar du med ditt prosjekt og får råd til utfylling av søknadsskjema med målsettingar, FoU-utfordringar og aktivitetar. Vi vil gå trinnvis gjennom søknaden og gi råd undervegs. Hugs å ta med PC/nettbrett.

I tillegg er rådgjevarar frå Forskningsrådet og Innovasjon Norge tilgjengeleg for dialog om vidare finansieringsmoglegheiter. Du kan også diskutere moglegheiter for bedriftsutvikling med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane som stiller med forretningsutviklar. Sogn og Fjordane fylkeskommune informerer om regionale ordningar for forsking og innovasjon.

SkatteFUNN vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Finn meir informasjon om ordninga her: https://www.skattefunn.no/

Skriveverkstaden vert arrangert av Forskningsrådet i samarbeid med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Velkommen!

 

Program Skriveverkstad SkatteFUNN

Tid og stad: 14. august 10.00 – 15.00, Skei.

09:30    

Kaffien står klar

10:00    

Velkommen, ved Merete Lunde, Forskningsrådet

10:05

Regionale ordningar for forsking og innovasjon, ved Arne Monrad Johnsen, Sogn og Fjordane fylkeskommune

10:15    

SkatteFUNN – Kva og korleis?, ved Rigmor Fardal, Forskningsrådet

•            SkatteFUNN som verkemiddel

•            Kva er søknadskriteriene?

•            Kva aktivitetar kan bli finansiert?

•            Kva er eit godt SkatteFUNN-prosjekt?

•            Gjennomføring og rapportering

•            Eksempel på prosjekt

11:00

Slik kjem du i gang:

•            Innlogging og oppretting av søknad

•            Søknadsskjema

11:30    

Lunsj

12.00

Skriveverkstad

Her får du rettleiing til arbeidet med din søknad

14:45-

15:00

Oppsummering og vel heim

 

Kontakt

Merete Lunde

Spesialrådgiver

Mobilisering og regional utvikling

melu@forskningsradet.no