Skriveverkstad SkatteFUNN Reiseliv Sogndal

Når:

21. oktober 2019 10.00 - 15.00

Hvor:

Sogndal, Sogn og Fjordane, Storlosjen, Campus Sogndal, Trolladalen 30, 6851 Sogndal

Arrangementstype:

Workshop

Påmeldingsfrist:

16. oktober

Meld deg på

Om arrangementet

Driv du innan reiseliv eller er leverandør til reiselivsbransjen? Har du planar om å utvikle eit produkt, ei teneste eller har du ein idé om korleis di bedrift kan produsere på ein smartare måte? Kom på SkatteFUNN-skriveverkstaden 21. oktober. Med SkatteFUNN får du 18-20% skattefrådrag av prosjektkostnadene.

På skriveverkstaden får du informasjon om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt. Du jobbar med ditt prosjekt og får råd til utfylling av søknadsskjema. Revisor frå Deloitte vil svare på spørsmål og gi informasjon om korleis få prosjektrekneskapet riktig frå dag éin.

Om du ikkje har idéen til SkatteFUNN-prosjektet ditt heilt klar, er det mogleg å lufte den med andre deltakarar, rågjevarar og forskarar. Rådgjevarar frå Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane sine kompetansemeklarar er tilgjengeleg gjennom dagen for dialog om andre finansieringsmoglegheiter enn SkatteFUNN. VRI Sogn og Fjordane har eigne midlar for aktørar innanfor reiselivsnæringa, finn gjerne meir informasjon her: VRI4 Sogn og Fjordane.

SkatteFUNN er ein skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta. Søknadar til ordninga har problemstillingar innanfor alle fagområde. SkatteFUNN vert administrert av Forskningsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Finn meir informasjon om ordninga her: SkatteFUNN.

Velkommen!    

Kontaktperson:
Merete Lunde
Regionansvarlig Sogn og Fjordane
Mobil: 99607678
e-post: melu@forskningsradet.no