Kurs

SkatteFUNN-kurs på Skei

Hvor:

Thon hotell, Jølster, 6841 Skei, Vestland

Passer for:

Bedrifter og samarbeidspartnere som planlegger FoU-prosjekter i forbindelse med utvikling av nye eller forbedrede varer, tjenester og produksjonsprosesser

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

16. juni kl. 12.00

17. jun kl 10.00 – 15.00
Meld deg på

Om arrangementet

Har bedrifta di planar om å utvikle eit nytt produkt, teneste eller produksjonsprosess? Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad? Kom på SkatteFUNN-kurset på Skei 17. juni. Vi kan hjelpe til på vegen frå ein spenstig idé til verdiskapande resultat. Med SkatteFUNN får du 19% skattefrådrag av prosjektkostnadane.

På kurset får du informasjon om kva bedrifta kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet. 

Vetle Ottersen i Bano-gruppen fortel om erfaringar med bruk av SkatteFUNN i Bano og Strukturplast på Sandane. Dei har over 10 års erfaring med bruk av SkatteFUNN og andre støtteordningar for forsking og innovasjon i næringslivet.

Etter lunsj vert det praktisk arbeid med søknadsskjemaet og rettleiing frå rådgjevarar frå Forskningsrådet som til dagleg sakshandsamar SkatteFUNN-søknadar. Avtal gjerne eit ein-til-ein møte med ein rådgjevar i påmeldingsskjemaet. Rådgjevarar frå Innovasjon Norge er også tilgjengelege for ein prat om prosjekt og andre støtteordningar.

Førebuingar til samtalar

Prosjektkanvas er Forskingsrådets verktøy for å ta deg frå idé til FoU-prosjekt. Du kan bruke Prosjektkanvas til å utvikle og forbetre prosjektideen din. Verktøyet er godt eigna for dialog med aktørar som er involverte i prosjektet og til å diskutere prosjektideen med Forskingsrådets rådgivarar.

Les meir om Prosjektkanvas og last ned malar

Oversikt over alle SkatteFUNN-kursa

SkatteFUNN-kurs arrangerast over heile landet frå april til juni. Sjå oversikta over alle SkatteFUNN-kursa

Program

Kontaktperson

Merete Lunde

    SpesialrådgiverOffentlig sektor og regional utvikling

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. desember 2022, 01.29 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.