Skriveverkstad SkatteFUNN - Skei, Sogn og Fjordane
- Når:
14. august kl. 10-15
- Hvor:
Thon Hotel Jølster, Skei, Sogn og Fjordane
- Arrangementstype:
Workshop
- Passer for:
Næringsliv
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
9. august
Om arrangementet
Har du planar om å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste? Eller har du ein idé om korleis di bedrift kan produsere på en smartare måte? Søk SkatteFUNN og få 18-20% skattefrådrag av prosjektkostnadane.
Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad? Kom på SkatteFUNN-skriveverkstaden 14. august.
SkatteFUNN er en skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta. Søknadar til SkatteFUNN har problemstillingar innanfor alle fagområde.
Du får informasjon frå Forskingsrådet om kva du kan få økonomisk støtte for gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt.
På skriveverkstaden jobbar du med ditt prosjekt og får råd til utfylling av søknadsskjema med målsettingar, FoU-utfordringar og aktivitetar. Vi vil gå trinnvis gjennom søknaden og gi råd undervegs. Hugs å ta med PC/nettbrett.
I tillegg er rådgjevarar frå Forskningsrådet og Innovasjon Norge tilgjengeleg for dialog om vidare finansieringsmoglegheiter. Du kan også diskutere moglegheiter for bedriftsutvikling med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane som stiller med forretningsutviklar. Sogn og Fjordane fylkeskommune informerer om regionale ordningar for forsking og innovasjon.
SkatteFUNN vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Finn meir informasjon om ordninga her: https://www.skattefunn.no/
Skriveverkstaden vert arrangert av Forskningsrådet i samarbeid med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Velkommen!
Program Skriveverkstad SkatteFUNN
Tid og stad: 14. august 10.00 – 15.00, Skei.
09:30 |
Kaffien står klar |
10:00 |
Velkommen, ved Merete Lunde, Forskningsrådet |
10:05 |
Regionale ordningar for forsking og innovasjon, ved Arne Monrad Johnsen, Sogn og Fjordane fylkeskommune |
10:15 |
SkatteFUNN – Kva og korleis?, ved Rigmor Fardal, Forskningsrådet • SkatteFUNN som verkemiddel • Kva er søknadskriteriene? • Kva aktivitetar kan bli finansiert? • Kva er eit godt SkatteFUNN-prosjekt? • Gjennomføring og rapportering • Eksempel på prosjekt |
11:00 |
Slik kjem du i gang: • Innlogging og oppretting av søknad • Søknadsskjema |
11:30 |
Lunsj |
12.00 |
Skriveverkstad Her får du rettleiing til arbeidet med din søknad |
14:45- 15:00 |
Oppsummering og vel heim |
Kontakt
Merete Lunde
Spesialrådgiver
Mobilisering og regional utvikling
Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. august 2022, 03.58 CEST
Husk garantifristen 1. september kl. 23.59. Opprett søknad her.